Redaktøren sine favorittar

Geometrisk inspirerte møbler, keramikk og eldre norsk design. Se hva som inspirerer redaktør Cecilie Molær Jørgensen akkurat nå.

© oakthenordicjournal.com

1. ARBEIDSLYST, KOM TIL MEG. Eg lengtar stadig ut av dei ganske kjedelege kontorlokala våre her i Oslo, og då eg såg korleis redaksjonen i magasinet Oak The Nordic Journal sit, i kontorfellesskapet Nomad i København, begynte det å klø litt ekstra i flyttefoten. oakthenordicjournal.com, nomadworkspace.com

© Sigurd Resell

2. NORWEGIAN WOOD. Eg er stor fan av Eikund, som set eldre norsk – og ofte gløymt – design i reproduksjon. Spisebordet Øya er eit slikt eksempel, laga i berre eitt eksemplar av Sigurd Resell i 1956. eikund.com.

© NOIDOI

3. HØGSPENNING. Designstudioet Noidoi ved Mjøsa har ei rekke visuelle og taktile godbitar i menyen sin. Sist ut er lampen Spenn, som blei laga til Norwegian Presence-utstillinga i Milano i april. Eg kryssar fingrar for at ein god produsent kastar seg over han. noidoi.no

© Sika

4. KOLONISTIL. Med varmen kjem behovet for flagrande gevant, leskande cocktails – og korgmøblar. Min «go to»-produsent for slikt, er danske Sika, her representert ved liggestolen Michelangelo. sika-design.com

© Catherine Dix

5. NYTT KJENNSKAP. Eg oppdaga nyleg den franske keramikaren Catherine Dix, og synest ho har noko særleg fint i arbeida sine. Eller, «styggfint», kanskje? Eg likar det i alle fall. catherinedixceramics.com

© Nort Studio

6. FORM OG FARGE. Belgiske nortstudio (med liten N, ja) står bak ei rekke fargesterke, geometrisk inspirerte møblar, slik som krakken Form. Kombinasjonen av fargar sit godt med meg. nortstudio.be

© Sigve Knutson

7. URFORM. Og apropos krakkar, eller småbord, om du vil: Sigve Knutson sitt, Wood Clay Side Table, er heilt, heilt annleis. sigveknutson.com