Kjære leser,

Hjemmesiden vår støtter dessverre ikke Internet Explorer 11. Får å få den beste opplevelsen på hjemmesiden og av vårt innhold, vil vi be deg om å bruke Edge, Chrome, Safari, eller andre, nyere browsere.

Med vennlig hilsen,
BO BEDRE

Se hva som inspirerer redaktør Cecilie Molvær Jørgensen denne sesongen

Utradisjonell bruk av leire og tredimensjonal tapet og kunst er noen av de tingene som inspirerer BO BEDREs redaktør Cecilie Molvær Jørgensen akkurat nå.

Heimelaga

Bergen-baserte Philipp von Hase jobbar vanlegvis med tre, men no har designaren eksperimentert med trefiber og naturlige bindemiddel – les bakepulver, linfrøolje og sukker, mellom anna – for å lage eit heilt naturleg komposittmateriale. Forsøket er framleis på forskingsstadiet, men om det funkar, blir det garantert spennande ting herifrå framover. philippvonhase.com

Rom i rommet

Etter koronaåret poppar no skiljeveggane opp igjen. Plot av GamFratesi for Poltrona Frau er kanskje den finaste eg har sett hittil. Fletta skinnreimer i geometriske mønstre osar luksus, og er akkurat det eg treng no. poltronafrau.com

Oppsirkulert

Fie Paarup er utdanna lysdesignar, men sidan 2018 har ho laga gardiner og tekstilar av restmaterialar av lin, bomull og silke. Forholdet mellom lys og materialar er likevel det viktigaste i arbeidet hennar. studiofiepaarup.com

Likevekt

Det spanske keramikkstudioet Época lagar vilt vakre uroar av keramikk og tre. Balansen i uroen skal reflektere forholdet mellom alt liv på jorda. Fint på fleire nivå, med andre ord. epocaceramic.com

Fri luftveg

Kinesiske Mingshu Li kom til Oslo for tre år sidan for å fullføre mastergrada si ved KHiO. Som keramisk kunstnar eksperimenterer ho med utradisjonelle måtar å bruke leire på, og er særleg oppteken av holrom og luft. Resultata skal visast fram i utstillinga Made in Ringebu på Ringebu Prestegard frå 12. juni. mingshuli.com

Ny klassikar

Av og til blir vi introdusert for møblar det er umogleg å seie om er nye eller gamle. Mathias Steen Rasmussen sin MR01 Initial Chair er ein slik. Nylanseringa for Gubi er handlaga i eik eller valnøtt med rep som sete og rygg, heilt utan skruar. Nydeleg. gubi.com

Skogsnært

Studiopepe sitt tredimensjonale tapet Ashi har barkliknande taktilitet, og er eit fint virkemiddel for å få kjensla av natur i stova. wallanddeco.com

Lysfiltrert

Kunstnaren, designaren og komponisten Are Mokkelbost står bak corianskulpturane i serien Channelers. Inspirert av papirutklipp, har Are formgitt skulpturane som om dei var nettopp det – heilt ned til gjennomsiktigheita frå papiret. aremokkelbost.com

Mat for auga

Nederlandske Steinbeisser er eit eksperimentelt gastronomisk prosjekt som koplar kokkar og designarar for å skape nye måtar å nyte eit måltid på. Servise, bestikk og mat tenkast heilt nytt, og gjester blir innbodne til fest for å teste det heile. Eg skulle gjerne ha sete rundt bordet! steinbeisser.org

Grei haldning

«Slik som ein komponist finn lyd, ein målar farge og ein forfattar ord, fann eg form i leire. Det var det folk kalla kunst, og det var nødvendig.» Slik skildrar den irske, amsterdambaserte kunstnaren Deirdre McLoughlin starten på eit langt liv med keramiske verk. Ruby frå serien Attitudes er eitt av dei. deirdremcloughlin.com

Udefinert

Bahraini-Danish smeltar saman nattbord og nattbordlampe i eitt og same produkt, fint innkapsla i rosa, portugisisk marmor. bahrainidanish.com

Jubilerer

Den verdskjente, londonbaserte designbutikken Twentytwentyone fyller 25 år. For å feire jubileet har dei inngått eit samarbeid med designar Jasper Morrison og produsent Cappellini om ei spesialutgåve av The Thinking Man's Chair frå 1988. 25 nummererte utgåver er laga av stolen i galvanisert sink. Ikonisk. twentytwentyone.com

Nytt format

Òg den danske utstillinga Mindcraft, som vanlegvis er ein «must-see» i løpet av den årlege designveka i Milano, måtte gå for ei digital løysing i år. Det var slettes ikkje dumt! mindcraftproject.com

Brevvenn

Eg kjenner på ei aukande lyst til å setje penn mot papir og skrive kjærleikserklæringar til dei eg har sett så altfor lite det siste året. Brevpapiret skal vere fint, som det frå Litho. litho.co

Kunstlys

Light Mesh-lampa av Nacho Carbonell er eit meir handgripeleg objekt enn dei han vanlegvis lagar. Nydeleg. nachocarbonell.com

Relaterte artikler