- Ambivalensen lev kjempesterkt i meg
Agnes Kittelsen meiner glansbileta interiørmagasina presenterer ikkje er sunne. Men sjølv drøymer ho om ein «fy fader, så dyr»-designstol.
© Dag Jenssen
– Ambivalensen lev kjempesterkt i meg, fortel Agnes Kittelsen. – Eg synest interiørmagasina representerer ein draum om noko som er uoppnåeleg, og ikkje nødvendigvis noko som er sunt eller noko eg ynskjer meg. Men så sit eg der med telefonen i lunsjen og kjøper meg eit teppe etter å ha bladd i eit blad …
Agnes har tenkt mykje gjennom denne ambivalensen etter at ho starta prøvene til stykket Bu Betre, som har premiere på Det Norske Teatret laurdag 14. mars. Der gjer ho, saman med skodespelarane Espen Reboli Bjerke, Hilde Olausson og Per Schaanning, narr av interiørmagasina og glansbileta vi presenterer.
– Vi har ledd mykje, fortel ho, og les leande opp eit utdrag frå Bo Bedre si marsutgåve, der «healthness» er oppnemnd som den hottaste trenden på baderomsfronten.
– Kven har eigentleg 70 kvadratmeter til overs til eit bad?
Per Schaanning, Espen Reboli Bjerke, Hilde Olausson og Agnes Kittelsen har det moro med_ Bo Bedre på Det Norske Teatret. Førestillinga, som opprinneleg er dansk, har hatt stor suksess i heimlandet. Foto Dag Jenssen_
Ei draumeverd
Det er glansbileteversjonen av liva våre teaterstykket harselerer med. Overdrivinga, om du vil. Skjønt, berre harselering er det ikkje.
– Stykket tar tak i draumen vi alle har om å få eige hus. Og når vi har fått eige hus, vil vi ha fjordutsikt, og når vi har fått fjordutsikt vil vi så gjerne ha peis, og når vi har fått peis … og så vidare, ikkje sant? utdjupar regissør Cathrine Telle.
– Denne draumen er veldig reell og veldig alvorleg for mange av oss. Og så kommenterer førestillinga kor mykje lykkelegare, eller eventuelt ikkje lykkelegare, vi blir av å få desse tinga.
Sjølv brukte regissøren forsikringspengane etter fråstole sølvtøy på ein Le Corbusier-sofa.
– No har vi hatt den i 25 år. På den eine sida er det heilt forferdeleg å ha ein sofa til så mange pengar, på den andre sida har den gitt oss så mykje glede. Så glad eg blir kvar gong eg ser på han, så fin eg synest han er, fortel ho, og avslører at alle i oppsettinga er meir enn gjennomsnittet interessert i design.