© Erik Lefvander

Redaktøren sine favorittar

Dette inspirerar meg akkurat no.

PERFEKT SYMBIOSE. Då eg var i Stockholm i februar klarte eg å snike til meg heile to visittar til det totalrenoverte nasjonalmuseet. Samansmeltinga av ny og gammal arkitektur, nydeleg gjennomført av Wingårdhs, fargesettinga av utstillingane, og ikkje minst den vakre kafeen, gjer at dette må bli fast stoppestad heretter. nationalmuseum.se

© Pettersen Hein

JORDFAST. Pettersen & Hein laga Man Made Nature Earth Planter i 2016. No er dei i produksjon hos A part, og eg drøymer om å ha potteskjularane heime. apart.works

© Astrid

FØLERI. Det er mange år sidan eg forelska meg i svenske Astrid sine vakre tekstilar, og fascinasjonen har ikkje akkurat minka med tida. Alt eg vil ha er ein heil vegg av desse mjuke faga – eventuelt metervis med stoff eg berre kan sveipe meg i ... astrid.se

© Färg & Blanche

BAKVERK. Basen i Sack-bordet av Färg & Blanche er formgitt av ein striesekk, og deretter støypt i Jesmonite. Den harde bordplata er kledd i mjuk tekstil. Leik med både auga og konvensjonane, altså. fargblanche.com

© Lasse Fløde

FARGEFEST. Redaktørane av nettmagasinet Sight Unseen har designa to nye teppe i deira farge- og formsignatur for Kasthall. Men endå meir enn teppa likar eg pressebilda, styla av Kråkvik & D'Orazio og fotografert av Lasse Fløde. kasthall.com

© Origin

NYKOMAR. Hallgeir Homstvedt har designa ein lysestake for den nye produsenten Origin, medan Zoe Mowat står bak dei vakre Quarry Bowls. origin-made.com

© Bukowskis

STILKRASJ. Auksjonshuset Bukowskis evnar å gjere antikvitetar dagsaktuelle, som i utstillinga Sie Wohnen Hier, eit samarbeid med Magniberg i Stockholm i februar. bukowskis.com