Se hva som inspirerer redaktør Cecilie Molvær Jørgensen denne våren

Bærekraftig produksjon, rustikk keramikk og digitale kunstutstillinger er noe av det som inspirerer BO BEDREs redaktør akkurat nå.

© Produsenten

Pop igjen

Sven Ivar Dysthe sin ikoniske Popcorn-stol frå 1968 er no relansert i nye materialar – skall i resirkulert plast eller heilstoppa i tekstil – og i ein tidsriktig fargepalett utvikla av stylist Kirsten Visdal. Slikt gir gamle suksessformlar endå lengre liv.

© Produsenten

Utvidning

Den norske, københavnbaserte arkitekten Danielle Siggerud har eit særskilt auge for kvalitet, materialitet og detaljar. Derfor er kvart nye tilskot til Androgyne-bordserien hennar for Menu ein fryd.

© Produsenten

Unikt

Keramikar Anne Udnes lagar dei vakraste ting i verkstadbutikken sin i Oslo. Akkurat no ynskjer eg meg ein slik gropbrent variant.

© Produsenten

Fin start

Som så mange andre møbelfirma den siste tida, har italienske Mattiazzi lansert si eiga tilbehørslinje, Objects. Det handlaga askefatet Portobello er eit av fem objekt i førstekolleksjonen.

© Produsenten

Nettbasert

Dessverre fekk ikkje Oslo Design Fair opne som planlagt i januar, men takka vere gode bilde og film fekk vi ei digital framsyning av tendensutstillinga Impossible/Possible Vol. 2. Utstillinga var eit samarbeid mellom designduoen Vera & Kyte, billedkunstnar Andreas Siqueland og kurator Kirsten Visdal – og mange fleire. Maksimalistisk og herleg!

Se filmen fra utstillinga her.

© Produsenten

Godt underlag

Koi Fargestudio har gjort det til sin misjon å lage betre – les: meir fargerike – uterom for folk flest. Derfor har dei no utvikla fem nye fargar for heller og belegningsstein saman med ASAK, slik at vi får lunare, meir trivelege omgjevnadar.

© Produsenten

Rusa på farge

Av og til finn eg meg i eit rom, enten fysisk eller virtuelt, der eg kjenner enorm glede. Når eg prøvar å identifisere kva som gjer det, er fargar ofte innblanda. Slik som i dette rommet frå danske Paper Collective, der paletten er sær og rar, men aldeles nydeleg.

© Produsenten

Funksjonell kunst

Først designa til eit utstillingsvindauge i luksusbutikken Browns i London, er Charlotte Kidger sine handlaga bord og pidestallar ein fest for auga.

© Produsenten

Himmelsk

Då eg tilfeldig kom over instagramkontoen til den italiabaserte norske skulptøren Håkon Anton Fagerås, var det som å kome til himmelen. Han lagar dei vakraste skulpturane, som denne leiremodellen frå serien Nomi x 4 av bonusdottera hans med same namn.

© Produsenten

Klassisk

Om eg hadde mange stover, skulle ikoniske Togo av Michel Ducaroy i 1973 ha pryda ei av dei. I denne fargen.

© Produsenten

Virtuelt

I fjor hadde Sigve Knutson eit kunstnaropphald i Buenos Aires, der han i lag med fire andre nordiske kunstnarar/designarar/kunsthandverkarar arbeidde fram verk i lag med lokale produsentar. Resultatet blei utstillinga Quick Tiny Shows #6: PN1, som kan nytas digitalt no.

© Produsenten

Lækjande

Keramikar Patricia Perales García er inspirert av nigerianske tradisjonelle skulpturar opphavleg meint for å drive sjukdom ut av pasientar. Med utgangspunkt i dette har ho laga sine eigne vakre steintøyvariantar.

© Produsenten

Materialleik

Herrane i Sløyd har utforska treverk si evne til å absorbere farge gjennom eit sjølvlaga vakuumsystem. Materialutforskinga har resultert i fire skulpturar som viser potensialet og dei estetiske kvalitetane i metoden.

© Produsenten

Tilpassa

Royal Copenhagen har lansert heilt nye, meir moderne Blueline, som skal inspirere folk til å bruke fint servise òg til kvardags. Eg let meg lett overtale.