Redaktør Cecilie Molvær Jørgensen: – Resultatet blir utsøkt når designar og handverkar jobbar tett saman
Eksperimenterende kunst og design som hyller alt fra ørkenlandskap til tradisjonelt håndverk er noe av det som opptar BO BEDREs redaktør akkurat nå.
AvVerkelighetsflukt
Med design og teknologi har det bergenbaserte illustrasjonsstudioet Kvant-1 kreert dei mest utrulege fantasidestinasjonar – i bildeform. Temple serien er inspirert av ørkenlandskap, pyramidar og sjølvaste Indiana Jones, og resultatet er ein hyllest til eskapismen. Eg blir lett med på tur!
Ode til handverkaren
Det dansk-bahrainske designstudioet Bahraini Danish heidrar handverkaren – han som gjer idear om til materie. I dei tradisjonelle verkstadane i Salmabad sit handverkaren som regel på golvet, på ein liten, nedsliten skammel. Dermed blei hyllesten nettopp ein slik: Worker's Stool, i bronse. Ei påminning til oss alle.
Materialist
Med skulpturserien Human Element skapar kunstnar Collin Velkoff noko familiært og trygt, men òg ubalansert. Akkurat som mennesket sitt forhold til naturen.
Symbiose
Holmen-kolleksjonen er eit nytt samarbeid mellom designstudioet Space Cph og finsnekkar Malte Gormsen, og som alltid: Resultatet blir utsøkt når designar og handverkar jobbar tett saman.
Vilt og vakkert
Kassandra Widmark Utas er ein av kunstnarane i The Ode To sitt velkuraterte nettgalleri. Verka er snodige og fine.
Overdimensjonert
Dei kubistiske keramikkvasane Pablo og Dora heidrar Picasso og musa hans. Både dei og Pluto-bordet er ny design av Studiopepe for Tacchini – alt ein leik med proporsjonar.
Talent
Porselens- og epoxyverket Stols var ein del av avgangsutstillinga Traust då Ida Olesdatter Barland fullførte mastergraden sin i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskulen i Oslo i 2018. Ida er ein av dei eg spent følgjer framover.