TRESMAK Den eine hytta etter den andre klatrar opp i trekronene for tida, og sist ut er denne på Toten – og eg vil dit, sporenstreks. Med utsikt over Mjøsa og fuglekvitter som bakteppe, er hytta, som er teikna av arkitekt Tord Kvien og innreia av Anne Katrin Taagvold og Kirsten Visdal, det perfekte stillerommet. totentretopphytte.no
GLASKLART Det særdeles avanserte handverket som skal til for å utforme møblane og objekta i Nendo sin serie Melt for WonderGlass, er ikkje mindre enn mektig imponerande. Mellom anna må fleire arbeide nøyaktig og presist saman for å forme eitt bord i det utfordrande materialet. wonderglass.com
GODT HANDLAG. Franske Marik Korus lagar nydelege keramiske koralliknande objekt for hand, med stor detaljrikdom. marik-korus.fr
KNUTEPUNKT Sofia Tufvasson er kvinna bak dei keramiske objekta eg lystar mest etter akkurat no. Doodle, for eksempel. @sofiatufvasson
EVIGVARANDE Kvänum har lansert eit kjøken signert Louise Liljencrantz. Med tre og stein er stramme linjer gjort varme og mjuke, og eg vil lage mat her. Alltid. liljencrantzforkvanum.se
BRETTSPILL Fredrik Bull har leika seg med motorsag på ein bjørkestamme for å lage eit japanskinspirert brett. Saman med sakesettet i keramikk fascinerer formspråket hans meg.
OPPBYGGELEG. Designstudioet Destroyers Builders har eit skulpturelt-arkitektonisk formspråk og spennande materialbruk. I Horn Variations freistar dei å gjengi horn med trompe l'oeil-effekt, og resultatet er noko heilt nytt. destroyersbuilders.com