© Dag Jenssen

- Ambivalensen lev kjempesterkt i meg

Agnes Kittelsen meiner glansbileta interiørmagasina presenterer ikkje er sunne. Men sjølv drøymer ho om ein «fy fader, så dyr»-designstol.

11. mars 2015 av Cecilie Molvær Jørgensen

– Ambivalensen lev kjempesterkt i meg, fortel Agnes Kittelsen. – Eg synest interiørmagasina representerer ein draum om noko som er uoppnåeleg, og ikkje nødvendigvis noko som er sunt eller noko eg ynskjer meg. Men så sit eg der med telefonen i lunsjen og kjøper meg eit teppe etter å ha bladd i eit blad …

Agnes har tenkt mykje gjennom denne ambivalensen etter at ho starta prøvene til stykket Bu Betre, som har premiere på Det Norske Teatret laurdag 14. mars. Der gjer ho, saman med skodespelarane Espen Reboli Bjerke, Hilde Olausson og Per Schaanning, narr av interiørmagasina og glansbileta vi presenterer. 

– Vi har ledd mykje, fortel ho, og les leande opp eit utdrag frå Bo Bedre si marsutgåve, der «healthness» er oppnemnd som den hottaste trenden på baderomsfronten.

– Kven har eigentleg 70 kvadratmeter til overs til eit bad?

© Dag Jenssen

Per Schaanning, Espen Reboli Bjerke, Hilde Olausson og Agnes Kittelsen har det moro med Bo Bedre på Det Norske Teatret. Førestillinga, som opprinneleg er dansk, har hatt stor suksess i heimlandet. Foto Dag Jenssen

 

Ei draumeverd 

Det er glansbileteversjonen av liva våre teaterstykket harselerer med. Overdrivinga, om du vil. Skjønt, berre harselering er det ikkje.

– Stykket tar tak i draumen vi alle har om å få eige hus. Og når vi har fått eige hus, vil vi ha fjordutsikt, og når vi har fått fjordutsikt vil vi så gjerne ha peis, og når vi har fått peis … og så vidare, ikkje sant? utdjupar regissør Cathrine Telle.

– Denne draumen er veldig reell og veldig alvorleg for mange av oss. Og så kommenterer førestillinga kor mykje lykkelegare, eller eventuelt ikkje lykkelegare, vi blir av å få desse tinga.

Sjølv brukte regissøren forsikringspengane etter fråstole sølvtøy på ein Le Corbusier-sofa.

– No har vi hatt den i 25 år. På den eine sida er det heilt forferdeleg å ha ein sofa til så mange pengar, på den andre sida har den gitt oss så mykje glede. Så glad eg blir kvar gong eg ser på han, så fin eg synest han er, fortel ho, og avslører at alle i oppsettinga er meir enn gjennomsnittet interessert i design.

 

Agnes Kittelsen og regissør Cathrine Telle innrømmer at dei begge er interessert i design og interiør, og meiner teaterstykket like mykje harselerer med dei sjølve, som «alle andre». – Det handlar jo om oss alle, seier Cathrine Telle. Foto Dag Jenssen

 

Blir vi meir lykkelege, eigentleg? 

– Vi har alle eit forhold til denne tematikken, seier Cathrine. – Vi ynskjer oss alle ein finare heim. Vi drøymer òg om alt vi ser i desse magasina. Samtidig så har vi, på lik line med alle andre, eit ambivalent forhold til dette, rett og slett fordi det kjennest litt dekadent. Det er dyrt. Men vi blir veldig opptekne av det, og vi ynskjer oss det veldig. Og vi trur vi får det veldig mykje betre om vi får det, men gjer vi eigentleg det? Og det er i dette landskapet vi er, alle saman. I beste fall seier stykket noko om kven vi ynskjer å vere og kven vi faktisk er.

© Dag Jenssen

Agnes Kittelsen og Espen Reboli Bjerke står på scena på Det Norske Teatret frå 14. mars. Foto Dag Jenssen

 

Ambivalensen lenge leve 

Sjølv kjøpte Agnes nyleg ny leilegheit og var så glad for alle moglegheitene den hadde.

– «No skjøner eg ikkje kva som kan gå gale med livet mitt», tenkte eg, og gledde meg til å begynne å innreie den. Men så kom tankane: «Viss eg berre hadde hatt etasjar, så kunne eg …», og så var det plutseleg ikkje så mykje å innreie likevel, fortel ho, og fortset: – Samtidig tenker eg «Veit du kva, eg skal ikkje bruke alle pengane mine på å bu, eg skal ha det trygt og godt, og så skal eg reise, og så skal eg …».

Men kanskje aller først skal ho kjøpe seg ein ny stol? Agnes har nemleg sett meir ho kunne ynskje seg på det glansa magasinpapiret.

– Den jubileumsutgåva av Arne Jacobsen sin Syver-stol. Den rosa med dei messingbeina. Den var fin, altså! Men fy fader, så dyr!

 

Bu Betre har premiere på Det Norske Teatret laurdag 14. mars.

Kanskje du også er interessert i...